«Hyttebok frå helvete» ble nærmest profetisk. Har du fått mange reaksjoner fra motvillige vandrere eller nyfrelste fjellfolk? 

– Ha ha. Eg fekk faktisk fleire meldingar i fjor sommar frå folk som hadde prøvd norsk fjellferie for første gong, og som gav meg sin fulle støtte. Du skal sjå dette har verka mot sin hensikt. Og det var jo ikkje berre fjellet mange prøvde for første gong i Norge i fjor. Eg var sjølv på ferie innanlands, og møtte opptil fleire norske turistar som såg ut til å trivast svært godt i norske småbysentrum. 

Tror du vi finner tilbake til flokken?

REISEKLAR: For Are Kalvø er ­Mallorca inkarnasjonen av «Syden». – Eg liker Mallorca. Klassisk Syden-moro, norske barar, tyske barar, engelske pubar, rølp, natur, kulturhistorie, fjell, fiskarlandsbyar, luksus, Michelin-stjerner og bittelitt arkitekturhistorie. Foto: John Andresen

– Mykje av det eg skriv og seier, i alle fall dei siste ti åra, er hyllestar til folk i flokk. Folk er på sitt beste når mange er saman om noko. Det skjer ting då som elles ikkje skjer. Og verden ville vore så uendelig mykje kjedeligare om vi ikkje kunne samle oss. Det trur eg fleire har skjønt det siste året. Eg trur vi kjem til å finne tilbake til det, etter litt nøling. Fordi livet er så mykje morsommare då enn viss alle sitt åleine på kvar sin stein i skogen. 

Selv trives du best i storbyer. Er det ensbetydende med Oslo? 

– Absolutt ikkje. Eller Norge, for den del. Eg reiser mykje rundt i Norge i den såkalla jobben eg er så heldig å ha, og noko av det eg liker best å gjere når jobben er ferdig, er å finne serverings­plassar eg ikkje har vore før i norske byar og bygder. Det skjer ting då. Ein kveld i Bodø måtte eg for eksempel avgjere eit veddemål mellom ein tilfeldig gjest og ein som hevda å vere i slekt med ei fotballstjerne. Slikt skjer nok sjeldan på Memurubu.

LES OGSÅ: MIN VERDEN MED EINAR TØRNQUIST

Hvor reiser du helst på ferie? 

– Eg er ofte i London, og liker meg svært godt både der og fleire andre stader på dei øyane der. Det kan ha noko med pubane å gjere. Men også humoren. Og der er det jo ein samanheng. Men eg er også i stand til å slappe av og gjere lite anna enn å bade og lese i ei veke, så lenge det er nokre restaurantar i nærleiken.

Drømmereise? 

London. Foto: Runar Larsen

– Ein dag finn eg ut at ein artist eg nesten hadde gløymt faktisk framleis driv og turnerer. Frå den litt pussige turnelista, plukkar eg ut ein halvstor by eg aldri har vore i og drar dit for å sjå denne artisten spele i eit halvfullt lokale, gjerne på ein tirsdag. Etterpå går vi ut og ser kva byen har å by på. 

Det verste feriemareritt? 

– Aktivitetsferie i naturen, med tidlig start, fellesmiddagar og selskapsleikar på på ei hytte det ikkje går an å rømme frå. 

Og nå: Ny reise til Syden. Er det ikke litt som å strø salt i såret til solsultne nordmenn med gryende charterfeber? 

– Eg vel å sjå annleis på det. Syden-boka gir folk håp, eventuelt ein måte å reise til Syden på før du kan gjere det fysisk. Eg trur det er no vi treng denne boka.  

LES OGSÅ: MIN VERDEN MED SILJE SANDMÆL

Hvor er «ditt» Syden? 

– No begynner det faktisk å bli ei stund sidan sist eg var i Syden, men eg liker ­Mallorca, for der finn du eigentlig det meste du treng på ganske liten plass: Klassisk Syden-moro, norske barar, tyske barar, engelske pubar, rølp, natur, kulturhistorie, fjell, fiskarlandsbyar, luksus, Michelin-­stjerner og bittelitt arkitekturhistorie. 

Hva betyr mat og drikke på dine reiser?

– Det er ein konstant glede. Eg et ofte og gjerne på ferie, men er litt for glad i berre å dumpe innom plassar ein tilfeldigvis kjem over. Som ein sjeldan gong er ein triumf, som regel ikkje. Men aldri kjedelig. Ofte har ikkje dei beste matopplevingane smanheng med at maten objektivt sett er god. Då vi flytta til England for ein kort periode for litt sidan, for eksempel, hadde vi bestemt at det første vi skulle gjere etter ankomst, var å sette frå oss bagasjen i leilegheita vi hadde leigd, og så gå rett på nærmaste pub. For å verkelig markere at no er vi her. Der var det stamgjester, vegg-til-vegg-teppe, frukost-tv utan lyd og ingen musikk. Der drakk vi ein øl og åt ein legendarisk dårlig fish & chips sånn like etter frukost. Det var heilt fantastisk. 

Hva med mer eksotiske reiser? 

– Under pandemien la vi den faste årlige gutteturen til Drammen. Vanligvis reiser vi på langhelg til uoriginale plassar som Hamburg eller Berlin eller Manchester. I fjor: Drammen. Det var eksotisk. Og heilt strålande. Drammen er også ein norsk favoritt­plass. Eg er ein inkluderande type.

LYST TIL Å FÅ NY REISEINSPIRASJON RETT HJEM I POSTKASSA? ABONNER PÅ VAGABOND REISELYST HER!
TILBAKE TIL HOVEDSIDEN