Reisetips fra Heidi Lundeberg, forfatter av «Bolivia – og folket som tok framtida tilbake».

Solstrålane reflekterast av den kvite bakken og det sterke ljoset vekkjer den mest søvnige turist. Salar de Uyuni er verkeleg plassen for solbriller. Den flate saltørkenen synast uendeleg, men horisonten brytast av vulkanar og på halvøya framfor oss reiser det seg fleire meter høge kaktusar. Dei hårete kaktusane framstår som mjuke mot den harde saltørkenen. Saltørkenen i Uyuni i Bolivia er blant dei vakraste landskapa eg har sett og staden byr på spektakulære opplevingar for den naturglade så vel som den kulturnysgjerrige turist.

KARRIG

Innafor nokon få timars køyretur kan du her sjå flamingo, søramerikansk struts og lamaen sitt ville syskenborn vicuña. Her er blå, grøne og raude vatn og termiske vasskjelder for den som likar eit varmt bad. Frå det karrige landskapet å dømme skulle ein tru at dette var ein stad der ingen kunne bu. Men saltørkenen har tiltrekt seg folk i tusanvis av år. For å kunne utvinne salt har aymarafolket slått seg ned her og drive med lama og dyrka quinoa i uminnelege tider. Befolkninga rundt saltørkenen lever i dag i stor grad av turismen og tar du deg tid til å besøke landsbyane vil du møte eit fattig men stolt urfolk i sine fargerike tradisjonelle klede, karakteristiske hattar og lange svarte fletter.

Dei hårete ­kaktusane framstår som mjuke mot den harde salt­ørkenen

NYKJELEN TIL FRAMTIDA

Saltørkenen i Uyuni er også eit perfekt reisemål for den samfunnsengasjerte globetrottar. For nett her i dette vakre kvite landskapet ligg nykjelen til framtida – for Bolivia så vel som for verda. I Uyuni ligg nemleg verdas største reserver av litium – metallet som er naudsynt i produksjonen av batteria til el-bilar. Skal me lukkast med klimaomstillinga må me sakte men sikkert bytte ut fossile bilar med elbilar og etterspørselen etter batteri og litium vil auke dramatisk i åra som kjem. Sidan litium er ein avgrensa ressurs så avheng truleg omstillinga av at Bolivia bidreg med leveransar.

Litium kan også vere framtida for Bolivia. Den observante turist vil fort legge merke til den uformelle økonomien i Bolivia – faktisk er 60 prosent av arbeidsstokken engasjert i uformell sektor. Landet har opplevd ei enorm velstandsauke dei siste tjue åra og fattigdomen er halvera sidan 2005. Men skal landet utvikle seg vidare trengs det formelle arbeidsplassar. Den strategiske litiumressursar utgjer no grunn­planken i eit nytt industrieventyr – batterifabrikkar.

Turen til den bolivianske salt­ørkenen i Uyuni er altså vel verdt. Og etter ein dag der du har stått og gått på det som kanskje er nykjelen til landets og verdas framtid kan du vri om nykjelen til ditt eige rom i eit hotell laga av nettopp: salt.